Varmande haustgryte med sau

3-4 personer
190807 Sauegryte 02 Ase Kongsvik

Kokk og kokebokforfattar Åse Kongsvik meiner at nokon rettar blir betre om ein byter ut lammet med sauen, ei undervurdert råvare. Det er forskjell på smak mellom sau og lam, sauen har rett og slett litt meir smak, fordi han har meir feitt som er marmorert inn i kjøtet. Så meir av den gode lammesmaken altså. Denne kjøtgryta er inspirert av ei fransk bondesuppe og fell i smak hos dei fleste. Ho smakar av tomat og paprika, med eit lite sting av chili gjer seg svært godt saman med den gode smaken av sauekjøt eller fårekjøt som dei fleste vel å kalla det i matsamanheng.

Oppskrift: Åse Kongsvik

1 kg fårikålkjøt av sau, med bein
1 ss smør eller olje til bruning
3 fedd kvitløk
2 løk
2 raude paprika
3-4 ss tomatpuré
1 ss paprikapulver
1 chili
tørka urter som basilikum, timian, oregano
salt, peppar

  • Brun kjøtstykka fint på alle sider i ei god, varm panne med smør eller olje. Legg dei i ei gryte og ha på vatn til det såvidt dekkjer.
  • Hakk kvitløk, og skjer løk og paprika i grove bitar. Surr løk og kvitløk i smøret. Ha oppi tomatpuré, paprikapulver, urter og den heile chilien.
  • La gryta trekkje på kokepunktet i ca. fire timar, eller til kjøtet er møyrt og losnar frå beina. La paprikaen trekkje med siste timen.
  • Smak til og server med potetstappe, ris eller pasta. Ein grøn salat smakar godt til.

TIPS: La gjerne gryta stå i steikeomnen og putre seg ferdig på 100 grader, medan du gjer noko anna.

Flere oppskrifter